Helga alle har venta på er like rundt hjørnet. I dag opna vi campinga klokka 17.00 og festivalklare deltakarar har allereie sett opp telt og komne i festivalstemning.
Vi minnar om campreglane som du kan lesa om her. Det er strengt forbode å ta med seg glasflasar inn på området og på campinga. Glasflaskar vil bli konfiskerte ved inngongen. Skal du ha med deg eigen alkoholhaldig drikke til campinga, må det vera innanfor portane før klokka 19.00.
Billettsalet har tatt seg veldig opp dei siste vekene og vi har allereie forhandsseld meir enn det gjorde i fjor. Og då var fredagen meir enn utseld! Vêrmeldingane for helga blir berre betre og betre for kvar time som går og alt ligg til rette for nok ein strålande festival på Søfteland.
Scena er reist, baren er klar, kurukene er fjerna og toaletta er på plass. Fredag klokka 18.00 sparkar Abbabaklengs i gong historias fjerde Rock n’ LOL festivalen.
Vi gledar oss til å sjå deg!
Daniel Benjamin er klar for Rock n' LOL! Sidan Norma Sass var nødt til å kansellera sin konsert, har vi fått på plass tyske Daniel Benjamin.
Årets festival nærmar seg med stormskritt. Med ei veke att til festivalstart, byrjar ting å koma på plass.
Høge terningkast og strålande kritikker for Purified in Blood sin nye CD, "Under Black Skies".