|
Camp 
Festivalen har eiga festivalcamping. Campinga ligg idyllisk til heilt nede ved Bergstøvatnet og har gode moglegheiter for bading og upåklageleg stemning.
For å koma seg til campinga må ein gå gjennom festivalområdet, vi er då avhengige av eit par kjørereglar for camparane.
Alle som vil bu på campinga må ha festivalpass og vi anbefalar å vera tidleg ute for å sikra seg ein teltplass. Campinga opnar torsdag 15. juli klokka 17.00!
Ein kan ta med seg inn alkoholhaldig drikke heile torsdagen, men både fredag og laurdag må ein vera inne med drikka si før klokka 19.00. Det er sjølvsagt ikkje lov å ta med seg inn glasflaskar og glas, då området til vanleg er beite for Dagros og dei andre kyra på garden. Alle glasflasker vil bli konfiskert ved inngongen. Ein kan ta med seg eingongsgrillar til å bruka på grillplassen vi har laga klar.
Ein kan ikkje ta med seg campingvogn.
Campinga har inga aldersgrense, men pass godt på deg sjølv og alle andre rundt deg.
Det kan dukke opp ein og annan mygg og kanskje også ein klegg eller to, så myggspray er eit godt tips.

|