Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo

Praktisk informasjon

Beliggenheit
Søfteland ligg, i følgje mange, perfekt til mellom Os i sør og Bergen i nord. Festivalen arrangerast på bondegarden til bonden Olav Valle på Sanden. Kanskje du ikkje heilt veit kvar Sanden og bonden Valle held til? Når du kjem til Søfteland Skule frå E39 er det første avkøyring til høgre, inn på Eikhaugvegen. Inngangen til festivalområdet er på brua på høgre side. Under festivalen vil det vere skilta og vaktar som vil rettleia deg. Kjem du med buss, skal du gå av ved Søfteland Skule. Er du usikker kan du søkja etter Søfteland Skule på kartsidene http://kart.gulesider.no/

Transport
Frå Bergen Busstasjon tek det vel 30 min med rutebuss 620 og kjem du frå Osøyro tek det deg knappe 10 min til Søfteland. 
Det går også nattbuss til Bergen frå Søfteland klokken 01.35 både fredag og laurdag. Prisen på nattbussen er kroner 75. Vi vil anbefale alle som skal på Søfteland Rock n’ LOL Festival å køyra kollektivt, anten med buss eller saman med andre. Dette for å spara miljøet, og å spara parkeringsplassar.

Overnatting
Festivalen har eiga festivalcamp. Visst ein ikkje vil overnatte i telt under festivalen kan ein også nytta festivalen sin samarbeidspartnar Bjørnefjorden Gjestetun, som ligg ei 10 minutters køyretur unna.

Servering
Det vil bli sal av mat, drikkevarer og litt diverse anna gjennom heile festivalområdet si opningstid.

Aldersgrense
Festivalen har inga aldersgrense. Når det først skjer noko i bygda vil vi gjerne at så mange som mogleg kan få ta del i moroa.

Armband
For å sleppa inn på festivalområdet må ein ha gyldig festivalarmband. Ettersom festivalen har skjenkeløyve, har vi ulike typar armband. Eit for dei under 18 år og eit for dei frå 18 år og opp. Området framfor scena blir delt inn i to delar. På den eine sida er det fri aldersgrense og opent for alle, medan det på andre sida er aldersgrense 18 år og moglegheit for å kjøpa alkoholhaldig drikkevarer. HUSK LEGITIMASJON!

Betaling
Det går an å betala både med kort og kontantar på festivalområdet.

Miljø
Vi ynskjer å ha ein god miljøprofil på festivalområdet og vonar du kan bidra med det. Det vil bli utplassert fleire miljøstasjonar på festivalområdet og me set pris om publikum kan hjelpa til å halda området fritt for avfall.

Tryggleik
Eit stort lag av vaktar vil til ei kvar tid vera på området. Dei ber gule/oransje vestar. Det lokale Røde Kors vil også vera representert.

Området:


 

 

 

 

 

 
A: Inngang. Her må du visa billetten din. Du vil då få festivalband, det viser kva for billett du har og om du er over eller under 18 år. Så hugs legitimasjon!

B: Parkering

C: Inngang festivalområdet. Her må du ha festivalband for å koma inn. Viss du ikkje har det, må du tilbake til inngang A og kjøpe eller veksle inn billetten din i festivalband.

D: Festivalområdet. Dette området har fri aldersgrense. Alle som har kjøpt billett kan opphalde seg her. Det vil bli sal av mat, drikke, t-skjorter og alt anna du treng på festival!

E: Skjenkeområde. Her må du vera 18 år for å koma inn. Her vil det bli sal av mat og drikke.

F: Scena.

G: Camp. Alle dei som vil overnatte på festivalen, kan setja opp telt her. Men hugs å vera tidleg ute. Sjå her for meir info!

 

 

 
Copyright © 2010. Rock n' LOL. Designed by Varde Film & Media
S5 Logo