Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo
Norma Sass

Norma Sass har ikkje moglegheit til å koma til Rock n' LOL i år. Både arrangør og bandet sjølv beklagar dette.








Norma Sass
Thea Glenton Raknes - vokal / Susanne Benjaminsen - gitar / Ida Lie - bass / Elin Lie - keyboard / Ingrid Berge - trommer /

To veker etter vårt eige kjære Manheads frå Os I 2008 vart kåra til “ukens urørt” med låta “Demonizer”, var det “Norma Sass” sin tur til å overta stafettpinnen med låta “Japan”, med følgande skussmål frå NRK Urørt sin redaksjon:
"Norma Sass er siste prydbusk fra et indiepop-Oslo i kraftig oppblomstring. Rosenrøde klanger og godlynt trommedominans hyller inn ”Japan”, en låt som gir oss enda større tro på at Youngstorget er det nye Toronto."

I tillegg til å inkassere Zoom Urørt Prisen 2009,med påfølgande turnering der dei vitja 18 norske byar i vårt langstrakte land, var dei blant dei aller fyrste banda som vart booka til Øyafestivalen same år.

Etter å ha skifta ut det oprinnlege bandnamnet “Enorma Sass” (!) til “Norma Sass” (som jentene forklarer til urørt står for ei slags imaginær kvinneskikkelse, eller ei frodig “muse” om du vil) føler dei at musikken ikkje lenger vert overskygga av namnet på bandet som det før hadde ein tendens til. Jentene beskriv sjølv musikken sin som trist med en glad vri, og glad med en trist vri.

Med ei såpass vag beskrivelse anbefalar Rock`N`LoL alle herved å vitje myspace.com/normasass og gjere opp si eiga meining!

“Zoom-Urørt Juryen”:
” Norma Sass har stort potensiale, og vi tror de vil trekke et begeistret publikum over hele landet. De har et spennende uttrykk og en orginalitet som gjør dem til et friskt pust i norsk pop. Vi gleder oss til å følge Norma Sass i fremtiden”.

Framtida er sjølvsagt Rock`N`LoL!
og vi nærmar oss med stormskritt!

EPen “A Dance of victory the morning after” (2009) vart i Romerikes Blad omtala som særdeles lovande saker, og belønna med terningkast 5. http://www.rb.no/lokal_kultur/article4499304.ece

Les ògså om når Norma Sass vart “oppdaga” av Armani! http://www.dagbladet.no/2009/12/08/kjendis/musikk/musikkanmeldelser/konsert/armani/9413122/

 
Copyright © 2010. Rock n' LOL. Designed by Varde Film & Media
S5 Logo