Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo
Ila Auto

Ila Auto
Matias Hilmar Iversen - vokal, gitar, munnspel / Are Fevang – dobro, vokal / Lay Arne sulutvedt – banjo, vokal / Kristoffer iversen – bass, vokal /
Kai Henrik Ryen – mandolin, vaskebrett, fløyte, vokal /

“Gjennom over 400 konserter har Ila Auto blandet tradisjonsmusikk med egne låter; bluegrass med rock & roll, folk og country, og utviklet seg til et av landets beste og mest selvutleverende liveband.” (frå “Ila Auto” si nrk-urørt side)

Sommaren 2006 spelte Ila Auto inn debut-albumet sitt; ”If you keep pickin’, it might never heal”. Fem rutinerte musikarar med tidlegare erfaring frå ulike rockeband sa seg lei, og bestemde seg for å gå “nye” vegar ved å hengi seg til bluegrassmusikkens banjo, mandolin og dobro. Og etter å ha sikra seg Spelemannsprisen for beste countryplate, kunne gutta trygt konstatera at dei hadde komen inn på rett spor!

Året etter gav dei ut andreplata “Over the next hill”, der blant anna singelen “Little Honey” utmerkte seg ved å liggje inne på “NRK Norsktoppen” i vel 20 veker, og endåtil som nr.1 då NRK bestemde seg for å leggja ned lista. Også dette året vart bluegrassgutta nominert til Spelemann, men utan å nå heilt opp denne gongen.

På den sjølvtitulerte tredjeplata “Ila Auto” (2009) tok bandet atter ein ny (og etter Søfteland Rock`N`LoL si meining ei særdeles god) vending då dei byrja skrive tekstar på sitt eige morsmål istadenfor på engelsk, som på dei to fyrste platene.

Anmeldar Oddmuns Berge i groove.no karakteriserar Ila Auto som eit akustisk-fundert, og åtaksorientert bluegrassband, som står i ein gammal tradisjon, men ikkje for stødig. Det er først og fremst spelegleda og lysta på å skape levande tonar som driv dei.

“Musikken handler om kjærlighet eller mangel på kjærlighet, om biler og om død og lengsel, men hele tiden med en undertone av glede og faenskap. For ingenting skaper glede og faenskap som banjo og vaskebrett.” -Ila Auto på eiga NRK Urørt side.

Vi i Rock`N`LoL er heilt og holdent overbeviste om at gutane i Ila Auto kjem til årets festival med meir enn nok krutt i bagasjen til å få hæla i taket både under “vaksenkonserten “fredag, og under “barnekonserten” laurdags formiddag klokka ti!

Sjekk anmeldelse av plata “Ila Auto”, på groove.no

myspace.com/ilaauto
" target="_blank">youtube.com

 
Copyright © 2010. Rock n' LOL. Designed by Varde Film & Media
S5 Logo