Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo
Purified in Blood

 

Gjengen i Purified In Blood frå Stavanger/Sandnes-området var nok saman med dei fleste datanerdar blant dei som i ekstase feira då Red Bull i 2009 vart tillatt her til lands! I alle fall halvparten av dei… For det hardtarbeidande og desto meir hardtslåande bandet definerte seg frå byrjinga av i 2003 som eit straight-edge band, noko som inneheld ein livsstil med røter i amerikansk punk- og hardcoremusikk på slutten av 70-talet. Med nulltoleranse for alkohol, tobakk og andre rusmidlar, i tillegg til avstand frå tøyleslaus seksuell åtferd, skilte dei unge gutane seg rimelig bra ut i forhold til den klassiske draumen om ”Sex, Drugs & Rock`n Roll”.

I 2006 kom debutalbumet ”Reaper of Souls”, som noverande programleiar i Lydverket Asbjørn Slettemark kalla ”Blodig bra” i sin anmelding av plata i Bergens Tidende, der han trilla ein femmer på terningen. Slik bandet framstod på delar av denne plata meinte Slettemark å spora inspirasjon frå band som ”Kreator”og ”Sodom”, i tillegg til den majestetiske gitartradisjonen frå ”Iron Maiden”. Same året vann dei Alarmprisen for beste livegruppe.

Etter kvart som enkelte medlem av bandet byrja bevege seg meir og meir vekk i frå straight-edge livsstilen utvikla det seg interessekonfliktar omkring bandets haldningar og framtid, og dei bestemte seg i 2007 for å leggja Purified på hylla. Etter å ha holdt på med litt av kvart på kvar sin front eit års tid, kom heldigvis PiB tilbake for fullt våren 2008. PiB har lik Serena-Maneesh turnert mykje i USA, der dei blant anna har delt scener med band som ”Slayer, ”Mastodoon”, ”In Flames”, ”Converge” og ”Hatebreed”

Gruppa slepp andreplata si ”Under black skies” 6. juni i år på det finlandsk baserte Spinefarm Records (ein del av Universal Music), og blir med det stallkameratar med store namn som ”Rammstein,” ”The Kovenant”, ”Nightwish”, ”Children of bodom”, ”Finntroll” og ”Satyricon”.
PiB beskriv den nye plata si som eit bekmørkt album som er innom både doom og thrash, samt god gamal heavy metal.
Nokre av medlemmane i PiB var med kompisane i Kvelertak og opplevde dei syndige tilstandane på Søfteland etter konserten deira hjå oss i fjor sommar. I alle fall tar vi dei no imot med opne armar, og let oss gjerne reinsa i blod for ein betre festival og ei betre verd!

Sjå film med bandet på nrk.no sine nettsider:
nrk.no

MySpace

 
Copyright © 2010. Rock n' LOL. Designed by Varde Film & Media
S5 Logo