Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo Photo
Serena-Maneesh

Eit barndomsminne arkitekten bak Serena Maneesh, Emil Nikolaisen aldri gløymer, var då musikklæraren deira spelte ”Heroin” med ”The Velvet Underground” for klassen han gjekk i som liten gut. Han vart totalt fanga i augeblikket, utan å ane om han vart redd eller fascinert. Men ein ting var han sikker på at han kjende; her var noko svært mørke greier, samstundes som det var ekstremt ekte. Som om dei hadde festa verkelegheita til lydbånd!

Kanskje difor ikkje så rart at mange finn likskap med band som ”My Bloody Valentine”, ”The Stooges”, ”Stereolab” ”Neu!” og nettopp ”The Velvet Underground”,  i det musikalse universet til Serena-Maneesh, som sjangermessig har vorte plassert innan både psykedelia, no wave, krautrock, shoegaze og inderock.

Frå det sjølvtitulerte debutalbumet kom i 2005, har det altså no gått fem år før andre albumet vart sluppen. I tillegg til samarbeid med sjølvaste Sufjan Stevens, som speler fløyte, vibrafon og piano på ” S-M 2: Abyss in B Minor”, vart plata mastra i Air Studios av Ray Staff, som gjorde det same for Led Zeppelin si ”Physical Grafitti” plate frå 1975. Legg ein til assistanse frå Nick Terry, som mellom anna har arbeidd med The Klaxons og Primal Scream, så skjønner ein fort at kvalitet har stått i høgsetet!

Gruppa har oppnådd uvanleg høg status utanfor Noregs grenser, og i 2006 varma bandet opp for Oasis. Året før turnerte dei saman med The Dandy Warhols, før dei i 2007 slo følgje eit stykke på vegen med Trent Reznor sitt Nine Inch Nails i samband med deira verdsturné, og spelte konsertar i Australia og Japan. I løpet av mars og april i år har dei blant anna spelt på South By Southwest festivalen i Austin, Texas og ei heil rekkje andre storbyar i Nord-Amerika (LA, San Francisco, Seattle, Montreal, Washington og New York).

I mars i år slapp dei altså det vel etterlengta albumet ”S-M 2: Abyss in B Minor”, og sommaren 2010 har mellom anna Hove-, Øya- og Roskildefestivalen Serena-Maneesh på plakaten.

Så det er herved ei stor glede å endelig kunne offentliggjere at Søfteland Rock`N`LoL 2010 flyr gruppa direkte inn frå Belgia, og dermed kan skimte med det same!

Gjer deg klar for eit møte med ein vegg av lyd, med lag på lag med fuzz-gitarar….. og hugs Øyreproppar for såre sjeler!

Les anmelding av den nye plata på nrk.no

Sjå intervju med Emil og søstera Hilma Nikolaisen på Lydverkt, der dei fortel om korleis dei har jobba med innspelinga av nye plata, og turnélivet.
http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/204684

MySpace

 
Copyright © 2010. Rock n' LOL. Designed by Varde Film & Media
S5 Logo