|
Powertrioen Kiss Kiss King Kong frå Bergen kjem til Søfteland for å gje oss ein leksjon i riffing. Bandet leverar overstadig engasjert ellevill rock og sjølv om dei berre er tre i bandet, klarer dei å skape eit stort lydbilete. Kiss Kiss King Kong består av tre av dei beste rockemusikarane i Bergen, som har bestemt seg for å spela den musikken dei sjølv likar aller best. Det betyr at vi får rock, sånn som dei og VI vil ha det!
Med samanlikningar med band som Motorpsycho, Led Zeppelin, The Who og Hellacopters kan ein ikkje ant enn å gleda seg til å sjå og høyra den eksplosive rocken til Kiss Kiss King Kong!

MySpace |