|
Heggland Heiltre har designa, bygd og sponsa ein heilt eigen LOL-bar for oss. Det er her DU skal få kjøpa tøysevatnet ditt i år.
Ved bortgangen til vår kjære far og vårt store forbilde Old Papa LOL, i haust, vart det etter hans ynskje gitt pengegåver til Rock n' LOL. Desse pengane har blitt brukt til å utvikla og løfta festivalen til eit høgare nivå. Vi ville også gjerne bruke delar av gåva på noko konkret og varig. Vi tok då kontakt med Heggland Heiltre AS og spurde om dei kunne hjelpa oss med å få bygd ein LOL-bar. Dei var positive og likte idèen. Like etter var arbeidet med design i gang og no står baren klar.
Vi er svært takksame og ikkje minst nøgde med resultatet. Vi håpar det du finn i LOL-baren smakar ekstra godt i år!
Snart sommar og festival - SKÅL!!!!!

|