|
Blackroom er det nye namnet på bergensbandet Lorraine. Tidlegare har dei gjort seg vel bemerka i både inn- og utland med mellom anna låta I Feel It, som var den mest spelte norske låt på NRK P3 i 2006, a-listet av kredible XFM Radio UK, vann prisen ”Best Electronic Act” under britiske BT Digital Music Awards og vart utnemnd som ”the best debut of 2005” i TimeOut Magazine. No er Blackroom snart klar med nytt album i nytt electro format, og vil presentera dette materialet under konserten på Søfteland Rock n' LOL. Møt opp for ein heftig og dansbar oppleving!
Du kan sjekka dei ut her:
MySpace

|