|
Warfart består av eit knippe gamle ringrevar frå Os Rockeklubb. Bandet er i dag eigentleg ei vidareføring av noko hardt og brutalt noko som starta ein gong på 90-talet. Av uviss grunn blei det den gong lagt på is, men dei er no tilbake og tøffare og meir brutal enn nokon gong. Det er liten, om inga, tvil om at Warfart er det tyngste bandet i Os. Noko som forsterkar akkurat den påstanden er at då dei hadde sin debutkonsert på opninga av ”Ole B Råkk Kafè” i Lysefjorden, presterte dei å få heile rockepuben nedlagt. Og det på opningskvelden til rockepuben! Forvent deg mykje tung metall frå tunge musikarar og ein liten dose humor attåt. UP THE WARFARTS!

|