|
Laurdag 3. juli arrangerte vi Festival Kick-Off med luftgitarkonkurranse utanfor Jokerbutikken på Søfteland. Scena vart i god gamal Rock n' LOL-stil bygd av pallar. Sola dukka opp og det gjorde også spente born og støttande foreldre. 
Tore Bratseth frå The Batallion og Bömbers viste korleis ein sann rockar skal opptre på scena. Han sat også i juryen saman med Tor Owe Rennemo frå Musikkverket på Flåten Senter. Juryen kåra fleire vinnarar og alle som tok med seg luftgitaren opp på scena, fekk premie. Vi takkar alle for gode bidrag, og gler oss veldig til å sjå alle borna på Rock n' LOL-scena laurdag 17. juli.

Vinnarane i bandet "Monkey Boys", som skal få framføra ein song på Rock n' LOL-scena laurdag formiddag, leverte eit show med stil og god teknikk. Det var tydeleg at desse gutane hadde øvd. 
Mange møtte opp for å sjå på dei unge, håpefulle borna. Her er Tore Bratseth på scena for å visa korleis ein kan gjera det. |