Gjeller og inhalatorar, astma og vannskrekk, glasauge og tørre armholer. Abbabaklengs er som ein sommarkotelett; har du riktig tilbehør, så blir det jævlig bra! Abbabaklengs gjer sin aller fyrste konsert på Rock n’ LOL i sommar og stillar med anten fire eller fem medlemmar. Det kjem heilt an på om det ligg gode vibbar i lufta. For nokon blir Abbabaklengs for mykje, for andre for lite, for nokon for ute, for andre for inne.
Uansett kva det enn blir, skal det i alle fall bli spanande å sjå dette rykande ferske prosjektet med medlemmar frå band som Manheads, Strapons, Mellomgass og Skilt. At vi har booka det bandet med det absolutt kulaste namnet kan vi utan tvil vere sikre på. Så sikre at vi skriv det endå ein gong: ABBABAKLENGS! 
|