Helga 16.-17. juli gjekk den fjerde Rock n' LOL festivalen av stabelen på Sanden på Søfteland. Med omlag 800 betalande gjestar både fredagen og laurdagen blei festivalen ein stor suksess! Det er ikkje til å leggje skjul på at denne helga i juli var ein av dei mest regntunge helgane vi har hatt på lang, lang tid. Regnet og gjørma såg ikkje ut til å leggje nokon dempar på artistane og det fantastiske festivalpublikummet som trossa vêr og vind og møtte opp nok ein gong. Vi vil retta ein stor takk til alle medvirkande, samarbeidspartnarar, sponsorar, artistar, frivillige og alle andre som bidrog til at Rock n' LOL blei så bra som det blei! Og ikkje minst ein enorm skål og ein stor takk til våre sykt nydelege festivaldeltakarar! TAKK FOR I ÅR og vi gledar oss stort til vårt 5 års jubileum 15.-16. juli 2011. Sjåast neste sommar!
Bilder frå Fredag 16. Juli!
Bilder frå Lørdag 17. Juli
Helga alle har venta på er like rundt hjørnet. I dag opna vi campinga klokka 17.00 og festivalklare deltakarar har allereie sett opp telt og komne i festivalstemning.
Vi minnar om campreglane som du kan lesa om her. Det er strengt forbode å ta med seg glasflasar inn på området og på campinga. Glasflaskar vil bli konfiskerte ved inngongen. Skal du ha med deg eigen alkoholhaldig drikke til campinga, må det vera innanfor portane før klokka 19.00.
Billettsalet har tatt seg veldig opp dei siste vekene og vi har allereie forhandsseld meir enn det gjorde i fjor. Og då var fredagen meir enn utseld! Vêrmeldingane for helga blir berre betre og betre for kvar time som går og alt ligg til rette for nok ein strålande festival på Søfteland.
Scena er reist, baren er klar, kurukene er fjerna og toaletta er på plass. Fredag klokka 18.00 sparkar Abbabaklengs i gong historias fjerde Rock n’ LOL festivalen.
Vi gledar oss til å sjå deg!
Årets Festivalprogram
Årets festival nærmar seg med stormskritt. Med ei veke att til festivalstart, byrjar ting å koma på plass.